|
PREMIAR ETTER AKTIVITETSDAGEN:):)
Det var god stemning på aktivitetsdagen og no er dei ulike konkurransane retta Her er dei heldige vinnarane av natursti og quis: Natursti: Håkon, Kristin, Hege Håkon T, Maris og Wence- alle frå avd. RM. Quis:Dag Inge,Karoline, Malin og Kennet H- registrert som avd. HS.
På fotballbana var det Slovakia som slo Portugal 3-0 i ein spennande finale. Nikolai Svarstad vann konkurransen . Premiane er pizza- ta kontakt med miljøkoordinator Tove
|
|
2010.09.03 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
Møte med rådgjevartenesta
Som tidlegare år ønskjer vi å treffe alle elevar etter programområde og nivå. Dette vil skje i auditoriet i perioden Måndag 6. september til torsdag 9. september. Oversikt på organisering og tema er sendt ut til alle involverte lærarar som har klassane. Dette ligg også som filvedlegg her: Organisering og tema
|
|
2010.09.01 av Jan William Midtbø
|
[Les meir...]
|
|
Lunsj for elevar og tilsette torsdag 2. septemper
Vg2 elevane på restaurant og matfag serverar Meny: Ferskt kjøtt, kokte grønsaker, løksaus, potet kr. 30.- Hamburger kr. 30.-
Velkommen !! Om du ynskjer å bestille mat for å ta med heim så ta kontakt dagen før.
|
|
2010.09.01 av Rune Viken
|
[Les meir...]
|
|
Flott resultat av dyktige lærlingar:)
Laurdag 28.august vart Ingvild Juklestad Norgesmeister i klasse lastebil då Norgesmeisterskapen innan tranportteknikk for lærlingar vart arrangert. Leif Marius Helgås vart nr 3. Konkurranser innbefattar presisjonskøyring, opptreden på skadestad, sikring av last og økonomikøyring.
Vi gratulerer dei dyktige lærlingane som tidlegare har vore elevar ved transport og logistikklinja ved Øyrane vidaregåande skule
|
|
2010.08.31 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
RESTFOTOGRAFERING
Fredag 3 september kjem fotografen tilbake til skulen for å fotografere dei elevane og tilsette som av ulike grunnar ikkje var tilstades sist gang han vitja skulen. Møt opp ved resepsjonen mellom 11 - 12.30
|
|
2010.08.30 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
AKTIVITETSDAG 1.SEPTEMBER
Onsdag er det meldt flott ver og alt ligg tilrette for ein flott aktivitetsdag Tur til Storehesten: møt på skulen, hugs gode sko og klede- rikelig med mat og drikke- LANG TUR Tur til Bekkjavatnet: møt på skulen, hugs mat og drikke- mulighet for grilling, gode sko og klede Fotballturnering: MØT PÅ FØRDEHUSET, hugs mat og drikke.
Lister over kor den enkelte elev skal blir hengt i kantina tirsdag. HA EIN SUPER DAG
|
|
2010.08.30 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
Kartleggingsprøvar hausten 2010
Hausten 2010 gjennomfører Øyrane vgs kartleggingsprøvar i fleire av fellesfaga. Innlogginga finn du her : https://pgsc.udir.no/
|
|
2010.08.30 av Rune Viken
|
[Les meir...]
|
|
LEKSEHJELP
Frå torsdag 2.september har alle elevar ved Øyrane vgs. mulighet å delta på leksehjelp. Frå kl 14.45 - 15.30 kan du få hjelp til alle ulike typar lekser. Møt på A 210
|
|
2010.08.24 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
STIPEND TIL YRKESELEVAR
For elevar som tek yrkesfagleg utdanning på vidargåande skule, er det mogleg å søkje om stipend frå næringslivet. ProffPartner deler ut fem stipend i form av gåvekort på kr. 10.000,- Programområda som kan søkje er; Bygg - og anleggsteknikk, Elektro og Teknikk og industriell produksjon. Søknadsfrist 15.november 2010, skjema på: www.ungproff.no
|
|
2010.08.17 av Jan William Midtbø
|
[Les meir...]
|
|
FRUKOST:)
For å fortsette den gode starten på dagen har kantina eit godt frukosttilbod 1 skive med pålegg+ 1 glass melk til kr .8.00. Frå kl 8.10 - 8.30 kvar dag.
|
|
2010.08.17 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
Skulestartsamtale i vidaregåande skule
”Den gode samtalen” er viktig for arbeidet med å styrka utdannings- og yrkesrådgiving i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Ved Øyrane vgs vil vi i løpet av dei fyrste vekene gjennomføre ei slik samtale med alle elevar ved skulen. Handbok for karrieresamtalen
|
|
2010.08.11 av Rune Viken
|
[Les meir...]
|
|
Søk utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet. Klikk deg vidare og finn ut når du kan søkje, kvar du kan søkje og korleis du får pengane.
|
|
2010.07.07 av Rune Viken
|
[Les meir...]
|
|
Berbar datamaskin frå hausten 2010
Alle elevar som startar på Vg1 hausten 2010 skal nytte berbar datamaskin i opplæringa. Du kan velje mellom å bruke eiga datamaskin eller å kjøpe gjennom den fylkeskommunale ordninga. Årets modell er ein Lenovo ThinkPad Edge 13 Meir informasjon
|
|
2010.07.01 av Rune Viken
|
[Les meir...]
|
|
TOBAKK, SNUS OG REINT VATN
Tirsdag 1/6-10 markerte folkehelsegruppa i samarbeid med ungdommane på vg1 elektro Verdens tobakksfrie dag og FN`s internasjonale dag for reint vatn. Det var mykje god frukt og grønnsaker i kombinasjon med informasjon og natursti vinnarane av naturstien var Sandra Trædal med 11 av 16 riktige svar. Gevinst kan hentast hjå Tove
|
|
2010.06.04 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
Årets avslutningsfest
Tirsdag 26/5 møtte ca 80 ungdommar til god middag og underholdning i kantina. EIn spesiell takk til Vegard Leite for nydelig sang og vg1 rm for god mat. Sjå bilder frå festen:)
|
|
2010.05.27 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
Interimstyre i elevrådet
Tirsdag 25/5 vart årets siste elevrådsmøte gjennomført. Det vart på dette møte valgt interimstyre som skal fungere til nytt styre blir valt til hausten. Medlemmane i dette styre er Kristoffer Førde-avd TIP, June Sunde- avd HS, Thomas Sandnes -avd EL.
|
|
2010.05.25 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
Båtførarprøven
Sjøfartsdirektoratet minnar om at alle elevar / ungdom som skal føre bevispliktig båt og ikkje tidlegare har avlagt eller bestått prøva. MÅ ta båtførarprøva for å ha lov å føre båt.
|
|
2010.05.07 av Jan William Midtbø
|
[Les meir...]
|
|
Reisebrev frå Latvia
Elevar frå vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag og vg2 helseservicefag har vore på skuletur. Trykk les meir for å sjå litt av deira inntrykk frå turen.
|
|
2010.04.11 av Rune Viken
|
[Les meir...]
|
|
Fotokonkurranse
I perioden fram til 17.september er det mogleg å vere med i ein fotokonkurranse i regi av Fokus Norge. Dette er for elevar i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen. Du har sjansen til å vinne premiar. Der er tre ulike tema. Vinnarbileta vil verte utstilt, i tillegg vil der vere ein prisutdelingssermoni i Oslo november 2010. Trykk underliggande link for utfyllande info. og påmeldingsskjema: INFORMASJON OG PÅMELDINGSKJEMA
|
|
2010.04.09 av Jan William Midtbø
|
[Les meir...]
|
|
GLIMT FRÅ VINTERAKTIVITETSDAGEN
Til tross for litt surt ver på vinteraktivitetsdagen vart det knipsa enkelte gode glimt frå dagen.
|
|
2010.03.15 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
100 000 KR TIL KREFTFORENINGA !!
I overkant av 100 000 kroner vart samla inn torsdag ettermiddag av russen på Øyrane , Hafstad og Mo og Jølster. Flott innsats av russestyra og av dei russane som møtte opp. Ein ekstra takk til dei lærarane som stillt opp som sjåførar. Av 100 000 blir det mykje viktig forskning !!! sjå bileter
|
|
2010.03.15 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
Elevundersøkinga 2010
Føremålet med brukarundersøkingane frå Utdanningsdirektoratet er at elevane skal få seie si meining om læring og trivsel på skolen. Resultata frå brukarundersøkingane blir ikkje sletta, men lagra etter forskriftene, og nytta av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle læringsmiljøet. Undersøkinga skal gjennomførast i veke 9 og kontaktlærarane får brukarnamn til elevane sin klasse. Login elevundersøking 2010
|
|
2010.02.19 av Rune Viken
|
[Les meir...]
|
|
1000 kr til dei jordskjelvramme i Haiti!
Avd. RM selgte fredag fastelavensbollar i kantina der overskuddet gjekk til dei jordskjelvramma i Haiti. Måndag vart det overført kr 1000 til Røde Kors- flott tiltak frå avd. RM.
|
|
2010.02.16 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
Neste dikt ut
Denne gongen har vi plukka ut Andreas i 2PIB sitt bidrag i tevlinga til "Årets dikt" Vil utfordre fleire til å delta. Kontakt norsklærar Anders Gjerland
|
|
2010.02.12 av Rune Viken
|
[Les meir...]
|
|
Redd eit liv UB- førstehjelpskurs!
Redd eit liv UB lærar elevar på Øyrane nyttig førstehjelp.
|
|
2010.02.02 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
Med inspirasjon frå "slipesteinen"
Norskfaget er slett ikkje så verst. 2PIA og 2PIB fekk ei utfordring av læraren Anders Gjerland til skrive eit kort dikt inspirert av diktet Slipesteinen som klassane hadde gjort seg kjende med gjennom juletentamen. Som premiering kunne elevane få publisert dikta på skulen sine heimesider. Denne gongen tar vi med eit par av dikta og Anders oppfordrar fleire til å prøve seg på denne utfordringa. Norskfaget er moro (Sjå les meir)
|
|
2010.01.25 av Rune Viken
|
[Les meir...]
|
|
KORTAUTOMAT I KANTINA!!!
Då var kortautomaten klar til bruk i kantina:):) Løp og kjøp !!!!!!
|
|
2010.01.07 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
2 BUA inviterte barnehagar til refleksprosjekt.
Prosjektet var ein kreativ måte å fordjupe seg i nokre av kompetansemåla innan programfaga på. Barnehageborna fekk utdelt refleksar og ein hadde fokus på trafikktryggleik på mange ulike måtar. EIn flott dag der både borna og ungdommen var fornøgde.
|
|
2009.12.21 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
Førjulshygge
Det var god aktivitet på førjulshygge som vart arrangert to torsdagar i desember. God konfekt og fine smykker vart produsert.Ta ein kikk:)
|
|
2009.12.18 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
Vegard skapte stemning under årets julefrukost:)
Vegard Leite - elev i 2 pib- underholdt med flott sang under årets julefrukost. Det skapte ei flott ramme rundt ein koslege tradisjon på Øyrane vgs. Takk til Vegard for eit flott bidrag. God mat og koseleg selskap ein tidleg morgon i desember.
|
|
2009.12.17 av Tove Nedrebø
|
[Les meir...]
|
|
|