Elevar frå vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag og vg2 helseservicefag har vore på skuletur. Trykk les meir for å sjå litt av deira inntrykk frå turen.
Fyste intrykket eg trur alle fekk av Latvia, var den merkelege lukta. Ellers var alle trøtte etter reisa, men det gjenstod endå ein humpete tur til slottet. Fyste reaksjonen til dei fleste når me kom til slottet, var at det såg skummelt ut, men eg trur ikkje det er nokon som synast det er so skummelt no lenger, sjølv om det er veldig mange forskjellige spøkelsesforteljingar om slottet.
Me har vore på besok til ei anna ungdomsbedrift, som kalla seg BeBoss, på ein vidaregånde skule i Jelgava. Det var veldig spennande å sjå korleis ei bedrift frå eit anna land jobba. I motsetning til oss som får undervisningstimar på skulen å bruke på bedrift, måtte dei bruke fritida si.
Me har også vore på besøk på ein barneheim, barnehage, dagheim og hos tre gutar. Me har også vore på besøk på ein ungdomsskule, der me blant anna fekk omvisning. Elles har eldre Latviske gutar funnet ut at slottet er fult i norske jenter, og er veldig interessert i å prate med oss. Det har vore både lange og nokon emosjonelle dagar, men alt i alt har alle hatt det veldig kjekt. Denne turen har gitt veldig mange intrykk, og me skjønar at me er heldige som har det så bra i Norge. Tross at dette har vore ein fantastisk kjekk og lærerik tur, gledar nok alle seg til å komme seg heim igjen til Norge!
Helsing frå Barnas Beste UB og Redd eit liv UB