Entreprenørskap ved Øyrane vgs

 

Entreprenørskap er eit satsingsområde ved Øyrane vidaregåande skule.  Arbeid med entreprenørskap ligg i skulen sin utviklingsplan, og ein ser det att i det daglege arbeidet. Yrkesfaglege studieretningar har lange tradisjonar når det gjeld samarbeid med næringslivet, både gjennom utplassering og ved at vi har teke i mot jobboppdrag frå næringslivet.  


Dette samarbeidet ynskjer vi å utvikle. Innføring av Kunnskapsløftet utfordrar heile skulen til å ha eit tett samarbeid med næringslivet. Målet er å sikre at utdanninga ungdomane får er relevant i forhold til den kvardagen dei møter når dei skal ut i arbeid.

 

Vi har fleire typar tiltak som vi nyttar i opplæringa innafor entreprenørskap. Her får elevane praktisk erfaring i at kunnskap og ferdigheiter er noko dei sjølve kan vere med på å utvikle.


Ungdomsbedrifter - ein pedagogisk metode som gir ungdom i alderen 15 -20 år kunnskap og forståing for bedriftsetablering. Der skal elevane gjennom skuleåret etablere, drive og avvikle ungdomsbedrifta, med støtte frå lærarar og rådgjevarar frå næringslivet.

 

Gründercamp - ein 1- 2 dagars samling der elevane får vere med på å utvikle kreative og nyskapande idéar. Skulen skal blant anna delta på ENOVA gründercamp Sogn og Fjordane der elevane vert utfordra på å komme fram til energisparande løysingar for næringsliv / private heimar.

 

Frå utdanning til jobb - eit program som skal styrke elevane i prosessen med å søke på jobb. Programmet har fokus på eleven sine styrker og kvalitetar og skal førebu eleven med tanke på søknad, CV og jobbintervju. Skuleåret 2010 -2011 vil alle vg2 / vg3 elevane ved skulen få tilbod om å delta i programmet.

 

Enterprise Without Borders - Eit internasjonalt samarbeidsprogram der ungdomsbedriftene kan søke om reisestipend frå Ungt Entreprenørskap. Føresetnadane for å kunne delta i dette programmet er at ungdomsbedrifta melder seg inn i programmet og knyter kontakt med ei ungdomsbedrift i eit anna land. Fleire av ungdomsbedriftene på Øyrane vgs fekk reisestipend skuleåret 2009 / 2010.

 

Partnarskapsavtalar — eit forpliktande samarbeid mellom bedrifter og skulen for å gi elevar større innsikt i arbeids- og næringslivsspørsmål. Det kan vere bedriftsbesøk, utplassering, gjesteførelesing, eller at skulen får arbeidsoppgåver frå bedriftene.


Samarbeidsbedrifter — bedrifter som vi samarbeidar med, hovudsakleg ved utplassering.

 

REAL — eit opplæringsprogram for entreprenørskap, der visjonane er at elevane skal lære meir om å skape og utvikle arbeidsplassar, og sjå mulegheiter i eige distrikt og bygge nye arbeidsplassar i distrikta.

 

Dette og mykje meir kan du finne informasjon om ved å besøke nettsida til Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.  

Ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane

Driftig.no

 

Microstar UB

Microstar UB. Fylkesmeister 2005. 2 plass i NM for beste heimeside



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Øyrane VGS All rights reserved • Developed by Symfoni Software