Midt i Sogn og Fjordane i Sunnfjord-byen Førde, finn du Øyrane vidaregåande skule. Skulen vår har vorte eit landemerke i Førde, ein moderne skule med tiltrekningskraft.
Øyrane – spennande og utfordrande
Øyrane vidaregåande skule er ein spennande skule og ein utfordrande arbeidsplass. Tilbodet vårt femner om eit fagleg mangfald frå grunnleggjande yrkesutdanning i kombinasjon med allmennfag til fagutdanning på eit høgt nivå. Øyrane er ein vidaregåande skule i utvikling der nye tilbod vert arbeidd fram i nært samarbeid med næringslivet i fylket. På Øyrane møtest unge menneske av begge kjønn frå alle kantar av fylket. Alle kjem dei med forventningar til skulen vår som ein læringsarena og som ein sosial møtestad.
Læringsarena og møteplass for ungdom
Skulen vår vert ein smeltedigel der ungdom i møte med personalet vårt skal få med seg nyttig lærdom vidare i livet. Denne lærdommen skal gje elevane våre både ei teoretisk innføring i nye fagområde, ei fordjuping i frå før kjende fagfelt og ei praktisk utføring av yrke. I tillegg til den faglege sida ved skulearbeidet tel det sosiale samværet med andre menneske mykje. Det gode samspelet mellom skulepersonalet og eleven og mellom elevar innbyrdes har mykje å seia for eit positivt skulemiljø. Elevar som trivst, lærer best.
Læring og trivnad
På Øyrane vidaregåande skule ligg det på alle måtar til rettes for å skapa eit godt og triveleg skulemiljø. Dei fysiske tilhøva i eit nytt anlegg har fått ei utforming som stimulerer til læring. Utstyrsmessig ligg skulen langt framme, og når vi i tillegg har dyktige lærarkrefter, vil det vera mykje opp til elevane sjølve å gjera det beste mogeleg ut av opphaldet ved skulen vår. Her er lyse romslege klasserom og verkstader med ei flott kantine for både elevar og tilsette sentralt plassert i hjarta av skulen. Mange venskap har vorte knytt på Øyrane ved borda i kantina. Her møtest elevar på tvers av dei 6 studieretningane våre anten dei går på byggfag, elektrofag, teknikk og industriell produksjon, helse- og sosialfag, restautrant- og matfag eller sevice og samferdsle. Både kantina og bygningane elles har fått ei kunstnarleg utsmykking, og det same gjeld uteområdet.