Førde Kommune har hatt forelesing om feiar faget
Feiar
Vg1 Bygg og anleggs klassane ved Mo og Øyrane har idag hatt besøk av Reinhold Hoffmann og Rune Ytredal frå Førde Kommune. Dei har forelest om feiarfaget.
2016.04.21 av Ivar Hoff [Les meir...]
Fylkeskonkurranse i yrkesfag
Fylkeskonkurranse200416
I Fylkeskonkurransen i yrkesfag 20. april 2016 deltok Mo og Øyrane vgs i 6 klassar, og kom heim med 4 førsteplassar. Gratulerer med svært godt resultat.
2016.04.21 av Ivar Hoff [Les meir...]
Nytt om signering av avtale om støtte for elevar under 18 år
lånekassen logo
Frå neste undervisningsår (2016–2017) kan foreldre til elevar under 18 år få vedtaket om støtte elektronisk og signere digitalt på vegner av barnet digitalt. Elevane skal ikkje lenger signere for stipend, men må framleis signere avtalen dersom dei får lån.
Klikk her for meir informasjon om kva endringa inneber for elevane
Har du barn under 18 år på videregående? Opprett en digital postkasse før barnet søker om stipend fra Lånekassen
2016.04.21 av Ivar Hoff [Les meir...]
MARKDAG PÅ MO
MOYlogo
Mo og Øyrane vgs i samarbeid med Norsk institutt for bioøkonomi og NorskLandbruksrådgjeving Sogn og Fjordane har markdag på Mofredag 29. april kl. 10.00
Les meir
2016.04.13 av Ivar Hoff [Les meir...]
NM skogbruk på Tomb vgs. 6-8 april 2016
MOYlogo
Mo og Øyrane vgs stilte i år med eit jentelag. Laget frå Mo og Øyrane kom på tredjeplass i sin klasse. Tevlarane oppnådde fleire gode resultat på enkeltøvingar. Ida Sofie Gjesdal vann felling for jenter. Synnøve Nyhamar vann over/underkapp for jenter. Synnøve kom på 4.plass motorsag individuell. Ida Sofie på 6. plass. I skogsløypa på NM s andre dag kom laget frå Mo og Øyrane på 7 plass. På NM deltok det i alt 16 lag frå 11 Naturbrusskular. Det er god grunn til å gratulere laget med innsatsen.
Sjå bilder
2016.04.11 av Ivar Hoff [Les meir...]
Elevar på internasjonalt prosjekt i Murcia
Murcia2015_1
5 elevar frå Restaurant og- Matfag ved Mo og Øyrane vgs er på internsjonalt prosjekt i 3 veker. Dei skal jobbe på lokale restaurantar i Murcia.
2016.04.07 av Ivar Hoff [Les meir...]
Ungdommen et for lite fisk
Fiskedag170316
Torsdag 17.3 presenterte elevar på RM produktutviklinga dei har gjort for fiskar og grunder Jostein Hillersøy. Elevane har utvikla 12 fiskerettar som dei presenterte på Øyrane i lunchen. Elevane skulle lage gode oppskrifter på fiskerettar, der målet er å få ungdommane til å ete meir fisk.
Utruleg kjekt å få vere med på og få tilbakemelding får ungdommane - kommenterer avd.leiar Kari-Ann Bruland.
Vi hadde besøk av både Firda og Nrk.
Les meir på www.nrk.no
Sjå Vestlandsrevyen
Les meir på www.firda.no
2016.03.18 av Ivar Hoff [Les meir...]
Vellukka grindverkskurs på Mo.
Grindverkskurs2016
I førre veke var det grindverkskurs på Mo. Kurset starta måndag, og fredag stod det 35 kvadratmeter store grindverksbygget ferdig framfor verkstaden på Mo.
Erlend Gjelsvik frå Nedre Jølster Bilelag var lærar for dei åtte kursdeltakarane. Han skrytte av kursdeltakarane og var godt nøgd med innsatsen.
2016.03.14 av Ivar Hoff [Les meir...]
Fjaler-kvinne på bakarlandslaget
Trude Beate brendehaug
Tidlegare elev ved Mo og Øyrane vgs, Trude Beate Brendehaug er utteken til det norske bakarlandslaget.
Gratulerer og lykke til vidare!
Les meir på www.firda.no
2016.03.14 av Ivar Hoff [Les meir...]
Kvalitetspris til Mo
Rolhau
Med 100% av lamma som stjernelam, vart Mo og Øyrane vgs. tildelt kvalitetsprisen frå Nortura Førde.Rolf Atle Haukeland, som er driftsleiar i husdyravdelingane på Mo, er svært godt nøgd med å få beste resultat på ROS-analysen i Nortura. Lamma, som vart levert til Nortura i 2015, hadde eit gjennomsnitt på over 25 kg i slaktevekt. Gjennomsnittet for heile landet ligg i underkant av 20 kg. Haukeland seier at mange sauebønder i området hadde gode resultat for sauene dette året, men å gå heilt til topps var både overraskande og gledeleg. Det er svært stimulerande å få så god tilbakemelding på jobben ein gjer, seier Rolf Atle Haukeland.
2016.03.11 av Ivar Hoff [Les meir...]
Krafttak mot kreft gav rekord
krafttak2
Rundt 180 000,- kroner på to timar var strålande resultat for årets Krafttak mot kreft.
Russestyra på dei to vgs.skulane takkar for innsatsen.
2016.03.08 av Ivar Hoff [Les meir...]
28. feb reiser 2HAA og 2HAB til London for å ha praksis i Helsearbeiderfaget.
MOYlogo
Vi blir utplassert på ulike Nursing Homes rundt om i nord/vest London. Der skal vi vere i 3 veker. Vi skal bu hos engelske vertsfamiliar, noko som gjer oss større innblikk i engelsk kultur og språk.På bloggen kan du lese om opplevingane og erfaringane vi gjer oss gjennom opphaldet.
2016.03.01 av Ivar Hoff [Les meir...]
Leksehjelp Øyrane
MOYlogo
Vi startar med leksehjelp i matematikk/naturfag i morgon 24.februar kl.11.30/11.40. Varigheit ca 1 klokketime. Vi satsar på å gjere dette kvar onsdag framover. Lærarar må oppmode sine elevar til å møte opp og tipse om tema eleven treng å arbeide meir med.
Oppmøte på rom A210.

Helsing Geir Løland, Jill Årdal, Oddgeir Solvåg og Rune Hovland
2016.02.23 av Ivar Hoff [Les meir...]
Endring av namn (SSID) på trådlaust nett i fylkeskommunen
MOYlogo
Fredag den 29/1 kl.16 vil vi endre namn på det trådlause nettet SFJb.
SFJb vil endre namn til SFJ. Ved første oppkopling etter omlegging fredag må brukarane gjere følgjande:
-Gløym/slett gamalt trådlasut nett SFJb
-Gløym/slett gamalt trådlaust nett SFJ
-Kople til SFJ på nytt med brukarnamn og passord, og godkjenning av sertifikat

SFJ vil vere det primære trådlause nettet for elevar, og tilsette sine mobilar og nettbrett (BYOD).
Det er også lagt ut eit nytt trådlaust nett SFJgjest. SFJgjest er eit ukryptert nett som primært skal nyttast av gjester.
NB! Endringa vi gjer no vil ikkje påverke trådlaus oppkopling for tilsette med domenePC.

Korleis fjerne gamal SSID

2016.01.28 av Ivar Hoff [Les meir...]
Internasjonalt møte i Wurzen - Tyskland
Erasmus logo
I perioden 30.nov til 4.des 2015 var det internasjonal samling i Wurzen - Tyskland. Representantar frå dei fire landa Litauen, Finland, Tyskland og Norge, som jobbar med Erasmus+ prosjektet som omhandlar modulbasert opplæring i naturbruk, hadde fortsettande samarbeidssamtaler der dei fire landa la fram sine fagmoduler så langt i prosjektet.

Les meir og sjå bilder

2016.01.05 av Ivar Hoff [Les meir...]
Deltakarar frå heile landet på naturbruksskulesamling på Kjelle og Hvam vidaregåande skular i Akershus.
M0-1
Av 130 deltakarar møtte 11 naturbrukslærarar frå MOY. Ein av deltakarane frå Mo og Øyrane sa det slik:Vi har desse to dagane besøkt to naturbruksskular med tilsvarande programområde som hos oss. Interessant å sjå utstyr og fasilitetar på andre skular. Det var sett av tid til å diskutere tverrfagleg eksamen og erfaringsutveksling rundt undervisningsopplegg. Svært givande å få høyre andre skular sine tilnærmingar til desse utfordringane. Gruppa som eg deltok på var stort sett samansett av husdyrlærar. Første gongen i mi tid som lærar at eg har hatt så mange kollegar å diskutere mitt fag med. Andre dagen fekk nokre av oss informasjon om fagskule tilbod i landbruket. Kanskje er dette noko Mo og Øyrane bør følgje utviklinga i framover. Vil elles nemne at det var kjekt å vere på tur med Mo kollegane.
2015.11.12 av Ivar Hoff [Les meir...]
Russestyret ved Mo og Øyrane 2015-16
Russestyret201516
President : Samson Vie - Bygg
Visepresident: Ida Marie Osland - Naturbruk
Aksjonssjef: Tarald Skaar – Elektro
Økonomisjef: Robert Herstad – Elektro
Innkjøp: Madlen Lehmann – Helse
2015.10.28 av Ivar Hoff [Les meir...]
Elevar tar symjeknappen
MOYlogo
2015.10.26 av Ivar Hoff [Les meir...]
Kåring av årets naturbruksskule-bilde eller -video
MOYlogo
Facebook konkurranse

Les meir

2015.10.13 av Ivar Hoff [Les meir...]
FYR på Byggavdelinga 1BAC
MOYlogo
Klasse 1BAC på byggavdelinga har gjennomført årets første FYR prosjekt. Oppgåva var å lage ein kjøleboks.

Les meir og sjå bilder

2015.09.30 av Ivar Hoff [Les meir...]
Elevrådet har hatt sitt første møte
elevråd_2015
Elevrådet hadde første møtet i går og eg kan melde tilbake om ein flott gjeng som var interesserte og lydhøyre.
Årets styre ser slik ut :
Leiar : Heidi Eimhjellen, 2AFA
Nestleiar : Steffen Fjellestad,1NAA
Sekretær : Henrik Glosvik, 1BAA
Styremedlem: Madlen Lehmann, 2BUA
Jonas Haugsbø, 2LGA
Sondre Solvik, 2AFA

Møteplanen blir sendt ut så fort den er klar.

Tove Nedrebø
Miljøkoordinator
2015.09.17 av Ivar Hoff [Les meir...]
Helsefag med Livsglede for eldre 2HAA og 2HAB
2HAA
Livsglede for eldre er ei frivillig stifting som jobbar for å gje eldre ein god og meiningsfull kvardag. Dette kan gjerast gjennom ulike kjekke aktivitetar. Skular, barnehagar og sjukeheimar er engasjerte.

Les meir

2015.09.09 av Ivar Hoff [Les meir...]
MILJØKOORDINATOR, ny kontortid på Mo
MOYlogo
Frå og med neste veke endrar miljøkoordinator kontortida på Mo.
Frå tysdag til onsdag kl.08.00 – 11.30

Følg Miljøkoordinator Tove på Facebook

2015.09.04 av Ivar Hoff [Les meir...]
Resultat skuleval 2015 Mo og Øyrane VGS
MOYlogo
2015.08.31 av Ivar Hoff [Les meir...]
Kickoff skulestart Mo og Øyrane VGS
MOYlogo
Ulike aktivitetar blir gjennomført framover . Møt opp og delta på sosiale og kjekke aktivitetar saman med venner og kjente , eller skap nye vennskap .

Sjå vedlegg for oversikt

2015.08.26 av Ivar Hoff [Les meir...]
KARTLEGGINGSPRØVER Vg1
UTDforblogo
Informasjon til elevar og føresette om kartleggings prøver 2015

Les meir

Informasjon om kartlegginga i engelsk

2015.08.26 av Ivar Hoff [Les meir...]
Velkommen til Førde for nye hybelbuarar.
Ungdogfritid
Torsdag 20/8 inviterte Førde kommune alle nye hybelbuarar til velkomstsamling i Førdehuset.
Ordførar Olve Grotle ønskte velkommen. På samlinga var og politiet, kultursjefen, ungdomsleiar, skulehelsetjenesta og miljøkoordinatorane representerte.
Ungdom og fritid i Førde, Stad:Hafstad vgs, ons 26.aug kl.18-19:30
Lag og organisasjonar vil presentere sine aktivitetar gjennom stand, brosjyre og ein uformell prat.
Velkomen
2015.08.24 av Ivar Hoff [Les meir...]
Bli kjend dag for elevar og lærarar ved avd. HO- Sunnfjord museeum i Movika
MOYlogo
Deler glimt frå ein flott oppstart saman i avdelinga, ute på tur. 8 klassar var samla i Movika for historisk vandring, grilling, natursti og sosialt samvær.

Sjå bilder

2015.08.20 av Ivar Hoff [Les meir...]
Føresatt registrering i skulearena
Skulearena2
Vi ynskjer at føresatte er opptekne av korleis det går med eleven ved Mo og Øyrane vgs. Ein fin måte å halde seg oppdatert på er å registrere seg som føresatt i Skulearena.
Vel Ny foresattbruker. Fyll ut eigne opplysningar først, deretter opplysningar om barn. På skuleeigar så vel ein Sogn og Fjordane fylkeskommune.

https://www.skolearena.no/iea/index.jsp?locale=no_NO

Instruksjonsvideo

2015.08.20 av Rune Viken [Les meir...]
Ungdomsblogg
Er du mellom 15 og 27 år har du no sjansen til å søke om bloggstipend på 5000kr gjennom prosjektet "Mine meiningar på mitt språk"

Plakat

sfj.no\ungdomsblogg

2015.08.20 av Ivar Hoff [Les meir...]
Google søk:
Finn nettbanken din :
Om Mo og Øyrane vgsOpplæringstilbodGardsutsalElevsiderFor tilsetteBiblioteket YrkesrettingInternational Projects Kontakt oss
Kontakt informasjon
Mo og Øyrane vgs
Øyravegen 1, Pb 115
6801 Førde
Eller: Mo, 6819 Førde
Sentalbord: 57 63 73 00
E-post og kart